Monthly Archives: October 2018

Forvaltningsmål for hjort Haram Kommune

180627_Forvaltningsmal_for_hjort_Haram_kommune

Viltnemnda har fått utarbeida ein plan for forvaltningsmåla i Haram kommune. Det er Norsk Hjortesenter på Svanøy som har gjort det meste. Vilnemnda vil oppmode valdleiarane til å ta opp plana med jaktrettshavarane i valda og eventuelt komme med merknadar innan 12. november.

Viltnemnda har gått gjennom den og har så langt følgjande merknadar:

  1. Få lagt inn oppdatert vårteljing – tildeling og felling.
  2. Aldersfordeling avskyting 2013 -2017, der skal vere 40,7 og ikkje 49,7.
  3. I avsnittet valdstruktur bør det flettes inn at vald med bestandsplan får støtte til drifta
  4. I avsnittet som heiter << Auka snittalderen i bestanden>>. Bør det forklarast at ved å auke reproduksjonsevna kan ein halde ein lavere vinterbestand og dermed minke skader på skog og eng.
  5. I avsnittet bestandsretta og grunneigarstyrt forvaltning av hjortebestandane står det at vald som står utanfor skal få same tildeling som der det er bestandsplan. Desse valda må få andelen ungkoller som skal fellast – som kalv fordi  etter forskrifta for retta avskyting har vi ikkje anledning til å tildele  fjorskoller. Dette må vi gjere for å nå måla om større uttak av kalv og ungdyr, og at dei som vel å stå utanfor bestandsplanane  ikkje skal forfordelast me vaksne dyr.
  6. I avsnittet om kunnskapsbasert forvaltning bør det vere pålegg om bruk av Sett hjort.
  7. Det bør vere nedfelt at det skal vere 3 årige  bestandsplanar i kommunen. Kommunen skal evaluere forvaltningsmåla på forhånd kvart 3 år. Kommunen og dei ulike bestandsplanområda må samordnast.