Monthly Archives: November 2014

To nye jegere på Jf.22 Håvik

Ragnar Ulvestad og Andre Vangsmo vil hjelpe Øystein på jaktfelt 22, Håvk, ut denne sesongen. I første omgang er det snakk om eit kolleløyve. Dei to jaktar også i eit anna jaktlag som jaktar i Eidsdalen. Vi ønskjer guttaboys lykke til!

Her ser vi Ragnar på jakt tidligare i haust:

Mulig spor etter jerv i Vestrefjord

Som mange kanskje allereie har sett i lokalavisa Nordre har det blitt funne kadaver av ein spissbukk i Vestrefjorden som del trur har blitt drept av jerv. Nakken på hjorten var knekkt og bein var gnaga på.

Jegerane i Vestrefjorden meiner dette har skremt vekk hjort fra fjorden.

Vi kan alle vere på vakt og seie ifra om vi observerar jerv. Dei er freda, men det finst muligheiter til å søke om felling.

-Anders L.

Jf.35 Fagerli ferdig med jakta

Fagerli har skote alle dyr i første tildeling og maksimalt antall tilleggsløyver. I tillegg har dei skote ein kalv som går på storvaldet si skrapdyrkvote. Dei er dermed det første jaktlaget som er ferdig med årets hjortejakt.

Det vil sjølvsagt vere høve til rådyrjakt til og med 23.desember.

Det er no jaktfeltleder si plikt å samle inn “sett hjort skjema” fra alle lagets jegere og registrere slaktevekter på www.settogskutt.no

Slaktevekter på alle rapporterte dyr skal også leverast inn til styret.

– Anders L.

 

Indrestrand og Ertresvåg

Vi ber jegerar på spesielt Indrestrand og Ertresvåg vere litt ekstra på vakt etter at det har vore skote mot dyr på Fanna. Jegeren seier sjølv at det må ha vore bomskudd sidan dyret gjorde eit byks rett før avtrekk. Ettersøksekvipasjen har vore på staden, men fant heller ikke spor etter dyret.

-Anders L.